Bjerknessenteret

Før og etter hockeykøllegrafen – med Øyvind Paasche

February 29, 2020

«Det var eit liv før hockeykurven også», seier Øyvind Paasche, seniorforsker og seniorrådgiver ved NORCE og Bjerknessenteret.

Hockeykurven, Hockey stick graph, Hockeykøllegrafen, – kjært barn har mange namn. Namneopphavet er openbart om du ser på den, ei temperaturlinje gjennom dei siste 600 åra som først går svakt nedover før den får ein knekk oppover på 1900-talet – som gjer at den ser ut som skaftet og bladet på ei hockeykølle.

Den dukka opp i 1998 i tidsskriftet Nature, og fekk stor betydning for klimaforskinga som felt. Men korleis var det før den kom, kva hendte då den dukka opp, og kva betydning har den fått seinare?

Øyvind Paasche tek oss med på gjennom hockeykøllegrafens historie – ei reise han sjølv har teke del i. Episoden er produsert av Andreas Hadsel Opsvik. Musikken er Lee Rosevere - Arcade montage, gjennom Creative Commons by-3.0.

Dei to artiklane nemnd i episoden:

Play this podcast on Podbean App